Utdanning
Godt nøgd med søkartalet
Heile 63 søkarar konkurrerer om 15 skuleplasser på ambulansefaglinja til Sauda vidaregåande skule.
Heile 63 søkarar konkurrerer om 15 skuleplasser på ambulansefaglinja til Sauda vidaregåande skule,skriv Ryfylke.
Teknikk og industriell produksjon (Tip) er saman med helsefag dei utdanningsprogramma som kan vise til den mest markante auken i talet på søkarar, med høvesvis 43 og 106 primærsøkarar. Thompson synest det er vanskeleg å svare på årsaka til det høge søkartalet, men tur det kan ha samanheng med vegen vidare.
– Tip leiar til mange VG 2-tilbod og lærlingeplasser. Det er ei utdanning som gir stor breidde i tillegg til at den kan gi attraktive jobbar, både når det gjeld løn og arbeidsvilkår. Avdelinga ved skulen skal også ha ros for at dei jobbar på ein god måte, slik at dette er blir eit ettertrakta tilbod, framhevar han.
Forutan eit umetteleg behov på fagfeltet, kan den store interessa for helsefag ha noko med den nye ambulanselinja å gjere. Ein må nemleg gå helsefag før ein får komma inn på VG 2 ambulansefag. Og ambulansefag har vist seg å vere særleg populært. Heile 63 søkarar konkurrerer om 15 skuleplasser.