Utdanning

Ambulanseelevar og Sivilforsvar øvde saman i tøft terreng

Publisert Sist oppdatert

Ambulansefagelevane ved Høyanger vidaregåande fekk verkeleg prøvd seg då dei blei sendt inn som markørar i Sivilforsvaret si storøving, skriv NRK Sogn og Fjordane.
I det trange og bratte landskapet i Lånefjorden i Balestrand kommune vart det mønstra til storøving onsdag. Sivilforsvaret si gruppe i Høyanger skulle trenast på ulike utfordringar i bratt terreng.
– Øvinga vart gjennomført saman med elevar og lærar frå ambulanselinja ved Høyanger Vidaregåande skule. Dei stilte med ambulansebil, var markørar og løfta øvinga med kunnskapen sin og godt skodespel. Eit veldig kjekt samarbeid, fortel sivilforsvarsadjutant Anne Fasmer Eide til NRK.
–Her var det mellom anna skadar etter fall frå stor høgde, brotskader og ein post der tau og sikring måtte nyttast for å kome ned til pasient som låg vanskeleg til. Ein post fokuserte på hjerte-lungeredning, der dei tenestepliktige fekk øve på dette over lengre tid på treningsdokker, opplyser Fasmer Eide.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS