Responstid
Ambulansesjef: – Vi har vurdert å evakuere eldre, sjuke og gravide
Uvêr, ras og vegsteningar har sett beredskapen i Sogn og Fjordane på prøve.
Uvêr, ras og vegsteningar har sett beredskapen i Sogn og Fjordane på prøve,skriv NRK Sogn og Fjordane.
Les også NRK Trøndelag:Fjellbygder nesten isolert
Denne veka har naturkreftene vist stor styrke i Sogn og Fjordane. Eit hus har blitt knust av ras, to er omkomne og over 30 vegar har vore stengde berre i fjordfylket.
Ambulansesjefen Stian Sægrov i Helse Førde seier uvêret og vegstengingane har gjort situasjonen for ambulansetenesta vanskeleg. Han seier dei har vurdert å evakuere gravide, sjuke og eldre frå bygder som har stått i fare for å verte isolerte.
Han fortel at helseføretaket har oppretthaldt ordinær beredskap, men at dei har kartlagt situasjonen time for time.