Nødmeldetjeneste

To ambulansar hindra av ras

Med berre nokre timars mellomrom vart to ambulansar frå Helse Førde hindra av ras.

Publisert Sist oppdatert

Med berre nokre timars mellomrom vart to ambulansar frå Helse Førde hindra av ras, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Fredag ettermiddag og natt til laurdag opplevde to ambulansar i Sogn og Fjordane at vegen framfor dei vart stengd av ras. Først var det ein ambulanse på veg frå Askvoll til Førde som vart hindra ved Heilevang på riksveg 609.

Ei stund etter midnatt opplevde kollegaer i ein annan ambulanse at det same skjedde på fylkesveg 616 i Bremanger.

– Dette er dessverre ein konsekvens av det fylket vi bur i, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov til NRK.no.

Ambulansesjefen seier det er AMK-sentralen som har den mest krevjande jobben i slike tilfelle, då det er dei som må finne ei løysing.

– Når slike ting skjer må vi berre setje i verk dei planane vi har. I det første tilfellet varsla vi ein ambulansebåt som sette kurs mot staden, og i tillegg sende vi ut ein ambulansebil frå Førde for å køyre i møte, seier Sægrov.

Les meir om saken hjå NRK

Powered by Labrador CMS