Nødmeldetjeneste

Skuffa og overraska

Dei tilsette er skuffa og opprørt over forslaget om å legge ned AMK-sentralen i Molde.

Publisert Sist oppdatert

Dei tilsette er skuffa og opprørt over forslaget om å legge ned AMK-sentralen i Molde,skriv Romsdal Budstikke.

Bakgrunn: Vil legge ned AMK i Molde og Namsos

Les og: Pressemelding fra Helse Midt-Norge "Styrker ambulansetjenesten"

– Med tanke på kva signal som er gitt tidlegare, er vi i grunnen ganske overraska over direktørens innstilling om nedlegging, seier Trude Solenes, einingsleiar for akuttmottak og AMK-sentral ved Molde sjukehus.

I direktørens innstilling til styret i Helse Midt-Norge vert det tilrådd ein AMK-sentral i kvart helseføretak, altså nedlegging i Molde og opprusting i Ålesund.

Fungerande direktør for helsefag, forsking og utdanning, Henrik A. Sandbu i Helse Midt-Norge RHF presenterte forslaget, og grunngav omlegginga med at det vil gi betre kvalitet på tenesta å samle AMK-tenestene i større og dermed meir robuste akuttmedisinske miljø.

– AMK i Molde gjer i dag ein god jobb, men for den totale tenesta er det betre med eit større miljø som også inkluderer koordinering av luftambulansetenesta, sa Sandbu.

Fagleg

– Vi meiner det er gode faglege argument for vidareføre dagens ordning, som fungerer veldig godt, seier Solenes.

Og viser til at lokalkunnskap og nærleik til brukarane er ein styrke.

Om det vert nedlegging, er det uklart kva som ventar dei 30 tilsette ved AMK i Molde.

Les meir om saka hjå Romsdal Budstikke

Powered by Labrador CMS