Nødmeldetjeneste

Krev gjennomgang etter dødsfall

Justisministeren krev full gjennomgang av hendinga der pårørande ikkje fekk kontakt med AMK på telefon.

Publisert Sist oppdatert

Justisministeren krev full gjennomgang av hendinga der pårørande ikkje fekk kontakt med AMK på telefon, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Helse Førde meldte tysdag at dei hadde hatt ein episode der pårørande ikkje hadde klart å kome i kontakt med AMK via telefon. Dei måtte då fysisk ta kontakt med ambulansetenesta, og då dei kom tilbake var pasienten som trong legehjelp død.

Beredskapssjef Bjørn Morten Øen i Helse Førde seier det er uklart om dødsfallet kunne vore unngått dersom kommunikasjonen hadde fungert normalt.

Øen seier vidare at AMK sin sentral ved Førde sentralsjukehus har vore operativ, og hatt telesamband, i heile perioden sidan uvêret.

– Mest sannsynleg har dette skjedd som følgje av uvêret, og at dei som prøvde å komme i kontakt med oss ikkje hadde dekning, seier Øen til NRK.no.

Ministeren vil no be Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) om å ta orkanhendingane med i den pågåande utgreiinga om kritiske feil i telenettet.

Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS