Nødmeldetjeneste

Får kritikk etter dødskrasj

Helse Førde får smekk av Helsetilsynet etter at AMKsentralen i Førde ikkje kalla ut helsepersonell frå Eid sjukehus til ein ulukkesstad.

Publisert Sist oppdatert

Helse Førde får smekk av Helsetilsynet etter atAMKsentralen i Førde ikkje kalla ut helsepersonell frå Eid sjukehus til ein ulukkesstad. Hendinga synar at internkontrollen ikkje har vore god nok, skriv Firda.

Helse Førde vert kritisert fordi dei ikkje kalla ut helsepersonell frå lokalsjukehuset på Nordfjordeid i samband med ein alvorleg bilulykke ved Haus i Eid kommune april 2010. Ulykka kravde to menneskeliv.

Her er konklusjonen frå Helsetilsynet. Dette er vidaresitert på helseføretaket sine heimesider:

"Vi syner til brev frå Helsetilsynet i fylket til Helse Førde datert 08.11.2010 som gjeld utrykking av fagpersonell frå sjukehuset på Eid til alvorleg bilulukke på Haus 16.04.2010. Helsetilsynet i fylket har handsama saka med heimel i lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Vi har kome til at Helse Førde ikkje handla i samsvar med forsvarlegkravet då AMKsentralen i Førde ikkje kalla ut helsepersonell frå Eid sjukehus til ulukkesstaden. Hendinga synar at internkontrollen ikkje har vore god nok.

Helsetilsynet i fylket ber om at Helse Førde reviderar beredskapsplanen og gjennomgår AMK-sentralen sin instruks om utkalling av sjukehustilsette ved ulukker i kommunane.

Vi ber om tilbakemelding innan utgangen av april 2011".

– Helse Førde tek tilbakemelding frå Helsetilsynet på alvor. Føretaket har allereie hatt ein gjennomgang av reglane for utkalling av helsepersonell frå sjukehus til hendingar utanfor sjukehusa, slik at regelsettet for AMK er klare, skriv HF i ei pressemelding fredag.

Les meir om saka hjå Firda

Powered by Labrador CMS