Nødmeldetjeneste

«Du skal vera trygg når du ringjer 113»

Publisert Sist oppdatert

Helse Fonna har fått avvik frå Fylkeslegen i Hordaland etter eit tilsyn med AMK-sentralen i vår, skriv adm.dir Olav Klausen. i eit innlegg i Sunnhordland.
Bakgrunn: Ny, krass kritikk mot AMK-sentral
Naudtelefonen 113 skal og må fungere godt. Som administrerande direktør i Helse Fonna er det viktig for meg at du som bur i vårt område er trygg på at du får rett hjelp til riktig tid når du treng det.
• Fylkeslegen peiker på betringsområde i system og organisering, men også i korleis du som ringjer 113 føler at du blir møtt av personen som svarar. Eg vil seie unnskyld til deg som ikkje er møtt på ein god måte når du har ringt 113 i Helse Fonna. Det skal ikkje skje.
• Fylkeslegen peikar på at det i Helse Fonna dei siste tre åra har vore fleire tilsynssaker knytt til AMK. Noko har blitt betre etter dette, men ikkje alt. Dette er bakgrunn for Fylkeslegen sin kritikk i tilsynet i mars. Me har difor brukt det siste på halve året til å på nytt gå gjennom avvika med tyngde. Medarbeidarane i AMK har vore invitert til møte og både prosedyrar og rutinar er gått gjennom og betra. Eg skal sjølv ha fortløpande rapportering på at prosedyrane og nasjonalt oppslagsverk blir brukt.
• Stillingsprosenten i AMK er mellom 15–25 prosent. Dette meiner Fylkeslegen er ein risiko, då det kan gå lengre tid mellom kvar gong ein medarbeidar har vakt. Medarbeidarane i AMK har resten av stillinga si i ambulansetenesta eller akuttmottak. Dette gir brei erfaring og kompetanse, men færre vakter i AMK for den enkelte. Dette skal vi vurdere grundig i ei planlagt omorganisering.
• I AMK skal alle operatørar følgje nasjonal medisinsk indeks som skal sikre riktig respons for kvar som ringjer inn. Diverre viser tilsynet at denne ikkje alltid blir brukt i møte med innringjar. Å ikkje bruke medisinsk indeks kan gje grunnlag for feil. Alle som arbeidar i AMK skal bruke nasjonal medisinsk indeks. Alltid.
Les meir om saka hjå Sunnhordland

Powered by Labrador CMS