Nødmeldetjeneste
AMK varsla 23 minutt etter politiet
AMK vart først varsla 23 minutt etter at politiet fekk meldinga om fritidsbåtulykka ved Lepsøyrevet i Haram fredag kveld. 3 personar miste livet i forliset.
AMK vart først varsla 23 minutt etter at politiet fekk meldinga om fritidsbåtulykka ved Lepsøyrevet i Haram fredag kveld. 3 personar miste livet i forliset, skriv NRK.
I slike situasjonar skal det vere automatikk i at både brannvesen og AMK – og dermed helsepersonell – blir varsla umiddelbart.
AMK fekk ikkje melding
Klokka er 22.14 fredag 30. september. Politiet får melding om at ein fritidsbåt er gått på grunn ved Lepsøyrevet i Haram. Eit minutt seinare blir Hovudredningssentralen varsla.
– Vi fekk meldinga klokka 22.15, stadfestar dei til NRK.
Men så skjer det ein glipp. AMK-sentralen ved sjukehuset i Ålesund får ikkje meldinga. Ikkje før klokka 22.37. Då er det gått 23 minutt sidan politiet tok imot naudsamtalen.