Nødmeldetjeneste

AMK sender teknikar for å finne feil - naudnettet ligg framleis nede

Det blir jobba på spreng for å få naudnettet i Aurland opp å gå igjen. Nettet har låge nede sidan natt til tysdag og byr på utfordringar for naudetatane i kommunen.

Publisert Sist oppdatert

Det blir jobba på spreng for å få naudnettet i Aurland opp å gå igjen. Nettet har låge nede sidan natt til tysdag og byr på utfordringar for naudetatane i kommunen, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Bakgrunn: Uvêr slo ut det interne naudnettet

Snart to døgn etter at lyn og torevêr slo ut naudnettet i kommunen må naudetatane framleis kommunisere med kvarandre via mobiltelefon, opplyser Reinhardt Sørensen som er tenesteleiar ved kommunal driftseining til NRK.no.

– Det er heilt klart eit problem når nettet ikkje fungerer ordentleg, seier Sørensen.

Må bruke mobiltelefon

Det fryktelege uvêret i Aurland natt til tysdag slo ut fleire transformatorar og førte til at fleire innbyggjarar vart utan internett, TV og radio. Nokre var også utan straum i ein kortare periode. Alt dette skal no vere i orden, seier Sørensen.

Det mest alvorlege problemet etter uvêret er at naudsambandet til 110, 112 og 113 vart slått ut. Det har blitt jobba på spreng sidan tysdag morgon for å rette opp feilen, men framleis er nettet nede.

Folk som ringer naudnummera vil få kontakt med alarmsentralane. Men problemet oppstår når varsling skal gå vidare til brannvesen, politi og ambulanse i Aurland og mannskap frå naudetatane skal kommunisere seg imellom.

– Alarmen som blir sendt ut via naudnettet går til vanleg i 30 sekund, og så får ein høyre kva det er som har skjedd. Men no går alarmen berre i fem sekund, og det er ikkje mogleg å få ut tale via naudnettet.

– Dermed går alarmen, men folk som får den veit ikkje kva som har skjedd, forklarar Sørensen.

Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS