Nødmeldetjeneste
– Ambulansearbeidar sov under oppdrag
Vakna ikkje av oppkallinga frå AMK - blir granska av fylkeslegen.
Vakna ikkje av oppkallinga frå AMK - blir granska av fylkeslegen,skriv Firda.
Ein ambulansearbeidar i Helse Førde blir granska av fylkeslege Per Stensland, etter å ha sove under oppdrag og ikkje vakna av oppkallinga frå AMK.
Sovande i sjukekupeen
Det er oppretta tilsynssak overfor ambulansearbeidaren, men saka er enno ikkje ferdig granska.
Ambulansearbeidaren skal ha møtt uopplagt på døgnvakt, sovna i bilen og ikkje ha vakna av oppkalling frå den akuttmedisinske sentralen som koordinerer utrykkingane og kommuniserer med ambulansane når dei er ute på vegen.
Personen det gjeld skal også ha sovna i sjukekupeen bak i bilen under eit oppdrag.
– Det vi har fått melding om er så alvorleg at det kan føre til oppseiing. Det kan også vere snakk om å ta autorisasjonen frå den det gjeld, dersom det viser seg at dei rapporterte hendingane er tilfelle, seier Stensland.