Nødmeldetjeneste

– Alarmsentralen er allereie oppdatert

Publisert Sist oppdatert

– Alarmsentralen i Sogn og Fjordane har allereie samlokalisert 110- og 112-sentralane. Vi kjenner oss trygge på at vi kan handtere større hendingar og ta vare på tryggleiken til innbyggarane våre, skriv Firdaposten.
Det seier leiar for Sogn og Fjordane Brannbefalslag og brannsjef i Flora, Magne Igland.
Til liks med mange andre reagerer han på prosessen som avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen og Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB) har lagt opp til med sentralisering og flytting av 110-sentralen til Bergen.
– Det vi har fått er ikkje ei høyring, men berre informasjon om korleis det skal bli, meiner Igland.
Han viser til signala frå justisminister Grete Faremo er annleis. Ho understrekar at framlegget frå DSB berre er ei skisse.
Igland viser til at naudsentralen i Sogn og Fjordane, med unnatak av 113 AMK-sentralen, allereie er organisert rett og samlokalisert i det nye politihuset i Florø. Det er også teknisk tilrettelagt for det nye digitale naudnettet, TETRA.
Les meir om saka hjå Firdaposten

Powered by Labrador CMS