Medieklipp

Vil sjå på rutinar etter overfall

Ambulansesjef Stian Sægrov seier dei aldri hadde trudd at tilsette kunne bli angripne på ein av dei mange stasjonane deira. No vil Helse Førde gå gjennom tryggleiksrutinane.

Publisert Sist oppdatert

Ambulansesjef Stian Sægrov seier dei aldri hadde trudd at tilsette kunne bli angripne på ein av dei mange stasjonane deira. No vil Helse Førde gå gjennom tryggleiksrutinane, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Bakgrunn: Overfalt på ambulansestasjon
Les også: Ambulansepersonell sterkt prega og Trur gjerningspersonen jakta medisin
Ei kvinne i 30-åra fekk slag- og kuttskadar då ho natt til søndag kom over uvedkommande i ambulansestasjonen i Stryn.
Stian Sægrov som er ambulansesjef i Helse Førde seier kvinna er svært prega av hendinga, og seier overfallet er svært alvorleg.

– Dørene skal vere låste

Sægrov vil ikkje gå inn i detaljar, men seier dei har tillit til at politiet vil finne ut kva som har skjedd.
Han seier det på dei fleste stasjonane er rutinar i forhold til å sjekke at dører og garasjeportar er låste. Ambulansesjefen kan i dag ikkje seie om dette har blitt gjort eller ikkje gjort i dette tilfellet.
– Dørene ved ambulansestasjonen skal vere låste, men ein kan ikkje gardere seg mot innbrot. Det får vere opp til politiet å etterforske saka, seier Sægrov til NRK.no.
Helse Førde ser svært alvorleg på hendinga og vil no gjere det dei kan for å sikre at tryggleiken for dei ambulansetilsette er på topp.
Sægrov seier dette har vore teke opp i leiargruppa, og i tillegg med eit eige HMS-utval i dag.
– Dette er gjort for å belyse problemstillinga og hente inn råd og innspel på kva vi kan gjere for å sjå på tryggleiken på stasjonane våre.
Les mer om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS