Medieklipp

– Vekte med eit smell

På ambulansestasjonen ved gamle Florø sjukehus vart dei vakthavande ved 01.30-tida brått vekte av eit høgt smell. Dei skvatt til og observerte deretter ein person med stein i handa utanfor stasjonen.

Publisert Sist oppdatert

På ambulansestasjonen ved gamle Florø sjukehus vart dei vakthavande ved 01.30-tida brått vekte av eit høgt smell. Dei skvatt til og observerte deretter ein person med stein i handa utanfor stasjonen, skriv Firda.

Mannen forsvann frå staden då han skjønte han var blitt oppdaga, men ambulansearbeidarane gav eit svært godt signalement på vedkommande, noko som førte til at politiet raskt kunne pågripe mannen.

– Ein politipatrulje observerte ein person med samsvarande signalement rett i nærleiken i samme tidsrom. Dette er ein kjenning av politiet, og ein kjenner difor truleg identiteten til mannen som mislukkast i innbrotsforsøket, opplyser politiet.

Les meir om saka hjå Firda

Powered by Labrador CMS