Medieklipp
Vegvesenet vil inn på naudnettet
Store mannskap måtte ut for å rydde vegane under uvêret i romjula. Men utan kommunikasjon vart situasjonen svært krevjande for Vegvesenet. I framtida håpar dei å kunne nytte seg av naudnettet som no er under utbygging.
Store mannskap måtte ut for å rydde vegane under uvêret i romjula. Men utan kommunikasjon vart situasjonen svært krevjande for Vegvesenet. I framtida håpar dei å kunne nytte seg av naudnettet som no er under utbygging, skriv NRK Sogn og Fjordane.
På det verste var nesten alle vegane i Sogn og Fjordane stengde på grunn av uvêret. Hundrevis av tre la seg over vegane, grunnen på vegane sklei ut, ras kom dundrande, og situasjonen var i det heile teke heller uoversiktleg i periodar.
Det som gjorde situasjonen endå verre var at både mobil- og fasttelefonnettet låg nede i store område. Fredag føremiddag kom avdelingsdirektør i Statens vegvesen i fylket med si orientering under evalueringsmøtet etter uvêret.
Nettopp den kritiske kommunikasjonssituasjonen var eit sentralt tema.
– Ei av hovudutfordringane våre desse dagane var manglande kommunikasjon og kontakt med våre entreprenørar. Her må vi sjå på alternative løysingar, dersom ikkje mobiltelefonnettet kjem opp med ein høgare stabilitet enn det vi har opplevd fleire gonger i det siste, seier Slinde til NRK.no.
Han fortel at Vegvesenet tilbake på 1970 og 1980 talet hadde eit eige kommunikasjonsnett for sine entreprenørar. Dette finst framleis i høgfjellet.
Eit slikt nett vil vere svært kostbart å byggje ut i låglandet, men Slinde seier dette er noko som kan bli vurdert. Han vil ikkje leve med den situasjonen dei er i no.
– Det vi uansett meiner hadde vore det beste er om vi fekk ein kanal på det nye naudnettet som er under utbygging og som politiet skal fase inn i drift frå 2013, seier Slinde.