Medieklipp

Rysta over nedjustering av dekningskrav

Dekningskravet til det nye naudnettet i Sogn og Fjordane er nedjustert frå 86 prosent til 57 prosent. Det får Stryneordførar Sven Flo til å miste trua på sentrale styresmakter.

Publisert Sist oppdatert

Dekningskravet til det nye naudnettet i Sogn og Fjordane er nedjustert frå 86 prosent til 57 prosent. Det får Stryneordførar Sven Flo til å miste trua på sentrale styresmakter, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Les også: – Vi må uansett ha en ekstra løsning
Ifølgje ein ny, hemmeleg kontrakt som NRK har fått tilgang til, er Motorola no berre forplikta til å dekkje om lag 70 prosent av Norge.
Men i fleire fylke vert dekningsgrada langt lågare enn det. I Sogn og Fjordane og i Troms er kravet sett til berre 57 prosent. På Sunnmøre er kravet senka frå 88 prosent til 61 prosent.

Er eit langt steg tilbake

– Det er ei skremmande utvikling i forhold til det vi har fått høyre i fleire år no, at vi byggjer opp eit naudnett som skal vere optimalisert, og som skal vere framtida i forhold til kommunikasjon knytt til ulike hendingar og beredskap, seier Flo.
Han stiller spørsmål ved det som har vorte sagt om at det nye naudnettet skulle bli revolusjonerande for norsk beredskap i framtida.
– Viss dette stemmer er dette eit langt steg tilbake i høve det vi har vorte førespegla. For meg er dette djupt urovekkjande. Her må nokon, altså sentrale myndigheiter, ta grep. Dei kan ikkje gøyme seg bak andre argument i forhold til desse avsløringane, seier Flo.
Han krev at noko må gjerast, og at dekninga må komme på plass.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS