Medieklipp
Politiet venta med å rykke ut etter ulykke - fann død mann seks timar seinare
Ein mann er funnen død i ein bil etter ei trafikkulykke ved fylkesveg 536 i Elverum. Den omkomne vart funnen seks timar etter at politiet fekk melding om ulykka.
Ein mann er funnen død i ein bil etter ei trafikkulykke ved fylkesveg 536 i Elverum. Den omkomne vart funnen seks timar etter at politiet fekk melding om ulykka, skriv NRK.
Det var klokka 7.45 sundag morgon at politiet fekk melding om at ein bil hadde køyrd av vegen på fylkesveg 536 i Elverum. Utforkøyringa hadde truleg skjedd i løpet av natta, og det var ein tilfeldig forbipasserande som melde frå.
Den fyrste meldinga gjekk ut på at det ikkje var teikn til skadde personar i eller rundt bilen. Da politiet oppsøkte staden klokka 13.30 viste det seg likevel at det var ein død person i bilvraket.
– Er det grunn til å tru at mannen kan ha vore i live etter ulykka, før politiet kom?
– Det blir spekulasjonar, så det kan eg ikkje seie noko om. Men mannen skal obduserast for å finne dødsårsak og dødstidspunkt, seier politiadvokat Richard Røed i Hedmark politidistrikt.