Medieklipp

Politi og ambulanse ikkje uroa over det nye naudnettet

Politi- og ambulansemannskap i Sogn og Fjordane hadde tysdag eit lengre møte med Direktoratet for Nødkommunikasjon.

Publisert Sist oppdatert

Politi- og ambulansemannskap i Sogn og Fjordane hadde tysdag eit lengre møte med Direktoratet for Nødkommunikasjon, skriv NRK Sogn og Fjordane.
I Helse Førde er ambulansesjef Stian Sægrov positivt overraska over møtet med direktoratet for Nødkommunikasjon.
– Men det står att å sjå i praksis om det som blir presentert er det som blir gjeldande. Difor har eg komne med nokre viktige innspel, seier Sægrov.
Dei viktigaste innspela frå ambulansesjefen er betre dekning på vegane i fylket og ein del turistområde dei har erfaringar med redningsaksjonar. Sægrov er også uroa over at mellom anna Lotetunnelen og Fjærlandstunnelen ikkje ligg inne med dekning.
– Ut frå det som blir sagt til meg, så blir det betre dekning. Det er jo dårleg dekning nokre stader i dag, og det vil bli betre, seier politimeister Johan Brekke i Sogn og Fjordane.
I sterk kontrast med stormen kring naudnettet, er politimeisteren positivt overraska over det som kom fram på møtet. Medan fylket var lova 86 prosent dekning, vil det nye naudnettet ha dekning i berre litt over halve fylket.
– Eg er ikkje uroa for politiet sin del, seier Brekke, og ikkje ynskjer å snakke om prosentar.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS