Medieklipp
Nødnett til Helse Vest
Dei fire helseføretaka i Helse Vest riggar no prosjektorganisasjon med tanke på innføring av nødnett i spesialisthelsetenesta. Utstyr og opplæring skal på plass for AMK, ambulansetenesta og akuttmottaka på Vestlandet, melder Helse Vest.
– Vi reknar med å starte førebuinga til mottaking av nødnett i løpet av kort tid og skal vere i operativ drift i heile Helse Vest innan utgangen av 2014, seier nytilsett prosjektleiar Terje Olav Øen i Helse Vest RHF. Han har dei siste fire åra arbeidd i blant anna nødnettprosjektet i regi av Helsedirektoratet, og har lang tids erfaring frå akuttmedisinsk arbeid.
Kvart helseføretak skal ha eigen prosjektorganisasjon og planen er at aktivitetane skal koordinerast i Helse Vest, med tanke på å få god effekt av tiltaket og hente moglege gevinstar som vil kome tilsette og pasientar til gode.
– Vi ønskjer å få vaktpersonell i akuttmedisinsk kjede tilgjengeleg for samhandling i nødnett, og skape tryggleik for både pasientar og tilsette. Det er også eit klart mål at vi skal samvirke med andre nødetater ved hendingar der fleire ulike ressursar skal løyse felles oppgåver, seier Øen.
Les meir på Helse Vests nettside