Medieklipp
Låg hardt skadd i bilvrak - fleire bilistar køyrte forbi
Opprørt ektemann har levert politimelding etter trafikkulykke.
Opprørt ektemann har levert politimelding etter trafikkulykke, skriv Firda.
Det var om morgonen torsdag 2. februar at kona til Kurt Kleive vart hardt skadd i ei trafikkulykke utanfor Kvamsøy i Balestrand kommune. Medan kvinna låg fastklemt i bilen med pustevanskar, skal minst tre køyretøy ha dura forbi ulykkesstaden utan å stogge.
Ulykkesbilen vart ståande skrått og heilt unaturleg plassert der den sperra halve vegbana, likevel passerte fleire bilar utan å stogge, fortel ein opprørt Kurt Kleive til Firda.no. Han er gift med kvinna som køyre ulykkesbilen.
Kleive fortel at nokre rett nok reduserte farten og kika raskt på det krasja bilvraket med knust frontrute før dei ga gass og forsvann.
- Kona mi sat då fastklemt i bilen. Ho fekk brotskader og alvorlege pusteproblem, og greidde ikkje komme seg ut av bilen med eiga hjelp, seier Kleive.
Då ambulanse omsider kom fram til ulykkesstaden vart kvinna sendt til sjukehus, kor det vart konstatert alvorlege skader.
Har politimeld saka
Etter å ha tenkt seg om nokre dagar har Kleive og kona no bestemt seg for å politimelde bilistane som ikkje stogga.
Vegtrafikklova §12 seier følgjande om plikter ved trafikkuhell:
«Einkvar som med eller utan skuld er blanda inn i trafikkuhell, skal straks stanse og hjelpe personar og dyr som er komne til skade, og elles delta i dei tiltak som uhellet gir grunn til. Denne plikta har, om det er nødvendig, også andre som er i nærheita eller som kjem til staden».