Medieklipp
Holdt på krasje med ambulanse under utrykning
Ambulansen måtte bråbremse for å unnga frontkollisjon.

– Eg venta berre på smellen der eg sat, fortel Geir Johan Gjerde (55) om nestenulukka han vart vitne til på E39 i Jølster til NRK Sogn og Fjordane.
Geir Johan Gjerde var i 17-tida på veg heim til Gjersvika på Sunnmøre etter eit sjukehusbesøk i Førde, då han såg ein møtande ambulanse med blålys.
Sjølv bremsa han opp og la seg godt ut til høgre. For å tydeleg signalisere til ambulansen at han stogga, slo han også på blinklys og parkeringslysa. Det gjorde ikkje bilen som kom bak.
– Han køyrde opp på sida, forbi meg og rett i møte med ambulansen. Ambulanseføraren bremsa det han kunne, og fem-ti meter før det small, så kom bilen seg inn att på høgre sida, fortel Gjerde.
Ved Sogn og Fjordane politidistrikt sin operasjonssentral i Florø, seier dei at ambulanseføraren stadfestar hendinga.
Ambulansen måtte bremse kraftig opp og legge seg heilt ut til høgre for å unngå samanstøyt. Ambulansen var på veg frå Nordfjordeid til Førde med pasient.
– Det er frykteleg synd når utrykkingskøyrety med blålys ikkje får det krav på vegen som blålys signaliserer. Manglande respekt hos bilførarar, som her, kan føre til farlege situasjonar, seier operasjonsleiar Kjetil Drange.
Les mer om saken hos NRK Sogn og Fjordane