Medieklipp

Har pågripe person etter overfall

Politiet har arrestert ein mann og sikta han for overfallet av ein ambulansearbeidar i Stryn natt til søndag. Gjenstanden som vart brukt under angrepet er framleis ikkje funnen.

Publisert Sist oppdatert

Politiet har arrestert ein mann og sikta han for overfallet av ein ambulansearbeidar i Stryn natt til søndag. Gjenstanden som vart brukt under angrepet er framleis ikkje funnen, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Les og: Personellet er sterkt prega
– Med bakgrunn i etterforskinga vi har gjort, der vi har plassert folk i sentrum, så arresterte vi i går ein mann, seier lensmann i Stryn, Lasse Trosdahl, seier til NRK.no. – Vi er ikkje sikre på at vi har teke rett person, og vi reknar ikkje saka som oppklart.
Ei kvinne i 30-åra fekk slag- og kuttskadar etter at ho kom over uvedkommande inne på ambulansestasjonen i Stryn. Kvinna skal ha blitt angripe av personen som hadde teke seg inn i bygget.
Politiet har tidlegare gått ut med at dei jobbar ut frå ein mogleg teori om at vedkommande som tok seg inn på stasjonen var ute etter medisinar.
Ambulansesjefen vil sjå gjennom rutiner for tryggleik på stasjonane etter angrepet.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS