Medieklipp

Ambulanse utenfor akuttmottaket i Ålesund, Helse Møre og Romsdal.

Fryktar smittevegring ved akutt behov for hjelp

Folk som verkeleg treng akutt helsehjelp må ta kontakt med helsetenesta, oppmodar Helse Møre og Romsdal.

Publisert Sist oppdatert

Tilsette og kommunar er bekymra for at folk ikkje tar kontakt på grunn av frykt for koronasmitte, skriv NRK Møre og Romsdal.

– Eg vil sterkt oppmoda befolkninga om ikkje å nøle med å ta kontakt og be om hjelp. Vi har god kontroll på smittesituasjonen ved våre sjukehus og det er ingen grunn til å frykte koronasmitte ved innlegging ved eit av våre sjukehus, seier Øyvind Bakke, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, i ei pressemelding.

Det er innlagt tre pasientar med koronasmitte ved sjukehusa i fylket, éin i Ålesund og to i Molde.

Tilsette og kommunar er bekymra

Helseføretaket ber folk som har behov for akutt helsehjelp ved ulykker, ved alvorleg medisinske tilstandar, eller ved livstruande situasjonar som gjeld psykisk helse om å faktisk ta kontakt.

Les meir hjå NRK

Powered by Labrador CMS