Medieklipp
Forstyrra ambulanse – blir politimeld
– Ambulansesjåføren opplevde det svært sjenerande at personbilen følgde tett etter.
– Ambulansesjåføren opplevde det svært sjenerande at personbilen følgde tett etter,skriv Firda.
Søndag ettermiddag la ein personbil seg etter ein ambulanse under utrykking gjennom Naustdalstunnelen. Ambulansesjåføren køyrde allereie i ein fart over det tillatne, men vart likevel følgd av personbilen.
Ingen årsak
Dette gjekk føre seg over fleire kilometer utan noko årsak, ifølgje politiet, som fekk stoppa bilisten i Førde.
– Ambulansesjåføren opplevde det svært sjenerande og forstyrrande, opplyser politiets operasjonssentral via loggen sin.
Saka vert omtala som farleg trafikkåtferd, og sjåføren av personbilen vil bli politimeld.