Medieklipp
Evaluering av klinikkstruktur i Helse Fonna
Det er foreslått at Medisinsk serviceklinikk blir gjort om til Klinikk for prehospitale tenester og beredskap, og vil innehalde gjennomgåande prehospitale funksjonar som ambulanse, AMK og akuttmottak, melder Helse Fonnas nettsider.
Innhaldet og omfanget av stabsfunksjonar ved dei ulike klinikkane er førebels ikkje klarlagd. For å styrke det heilskaplege faglege ansvaret i stab blir det lagt opp til å løfte fagsjef til fagdirektør, som får eit heilskapleg ansvar for blant anna kvalitet, pasientsikkerhet, smittevern, forsking, samhandling, klinisk IKT og analyse.
Det blir også planlagt å styrke føretaket si evne til gjennomføring og kontroll med prosjekt, samt eigaroppfølging, som ein del av administrasjonssjefen sin portefølje.
Samtidig med evalueringsprosessen arbeider altså Helse Fonna med eit utkast til revidert overordna strategi.
Les mer om saken Helse Fonna