Medieklipp
– Eg angra på rolla mi den dagen
– Der og då angra eg veldig på den rolla eg hadde fått som operativ leiar. Me har ikkje øvd på så store ting. Det me har kalla stort før, har til dømes vore ein bussvelt.
– Der og då angra eg veldig på den rolla eg hadde fått som operativ leiar. Me har ikkje øvd på så store ting. Det me har kalla stort før, har til dømes vore ein bussvelt, fortel Joar Tolpinrud, ambulansearbeidar i Vestre Viken til NRK.
Angstskrika frå ungdomen som overlevde Utøya-massakren går framleis som eit ekko gjennom hovudet hans. Joar Tolpinrud (35) var leiar for helsearbeidarane ved Utvika kai 22. juli. I dag startar den lange gjennomgangen av udåden i Oslo tingrett.
– Som bilete frå ein konsentrasjonsleir
Han oppretta mottaksstad på Utvika kai, og dirigerte ned ambulansane. Der stoppa dei blødningar, fekk varme i nedkjølte kroppar og skaffa luftambulansar eller bilar som raskt kunne frakta alvorleg såra til sjukehus.
I løpet av sine 16 år i ambulansetenesta har han aldri sett slike skadar som ungdomane frå Utøya hadde.
– Det var som på gamle krigsfilmar eller bilete frå ein konsentrasjonsleir. Ungdomane var bleike og dregne i andleta, mange var skotne fleire gonger. Det var sterke inntrykk dei bar med seg i land her, seier Tolpinrud i det han skodar ut mot Utøya frå Utvika kai denne april-føremiddagen.
Tolpinrud skal ikkje vitna, men tenkjer i desse dagar mykje på dei blodige og traumatiserte ungdomane han og dei andre helsearbeidarane tok imot på landsida den 22. juli.
– Det er mange lagnadar. Eg tenkjer på det dei såg der ute, alle dei som overlevde. Det må vera tøft for dei.