Medieklipp
– Det er godt å sjå at ting fungerar
I løpet av kort tid kom det nærare 150 politi- og redningsarbeidarar til storbrannen på Tøyen i Oslo.
I løpet av kort tid kom det nærare 150 politi- og redningsarbeidarar til storbrannen på Tøyen i Oslo, skriv NRK.
– Eg må seie at dette står til ein karakter 10. Ikkje minst så fungerte samarbeidet med dei frivillige organisasjonane svært, svært bra, seier jourhavande ved ambulansetenesta i Oslo, Rune Gehrken.
Alle dei involverte partane er svært nøgd med korleis mobiliseringa av redningsmannskap var etter det kom melding om storbrann på Tøyen i Oslo.
I løpet av kort tid var 35 ambulansar og andre helserelaterte kjørety kome til staden. Til saman var det nærare 70 helsearbeidarar på staden, frå ambulansetenesta, Raudekrossen og Norsk Folkehjelp.
Ingen røykskadar
Grunnen til at så mange helsearbeidarar blei kalla til staden var at det var 92 bebuarar i blokka, der svært mange var eldre og skrøpelege. 38 av desse vart evakuert, og ingen av desse vart skada.