Medieklipp

Hjerte-lungeredning og påkoblet hjertestarter.

Berre ein av ti hjartestartarar er synlege for ambulansetenesta

Når naudsentralen får melding om hjartestans, fortel kartet om hjartestartarar i nærleiken. Men berre eit fåtal av dei dukkar opp på kartet.

Publisert Sist oppdatert

Kvart år vert 3000–4000 menneske ramma av uventa og plutseleg hjartestans utanfor sjukehus i Noreg.

– Det nyttar ikkje at det står hjertestartarar rundt omkring om ingen veit kor dei er, seier Jon Olav Kvamme til NRK. Han er bonde i den lange, smale Oldedalen – førti minutt frå kommunesenteret Stryn.

Om sommaren kryr det av turistar her, og om ulukka er ute er vegen lang og kronglete for ambulansetenesta.

Då er det i staden Kvamme som kjem ilande til, som del av eit lokalt akutt-team av frivillige.

– Det kan vere ein sjokkoppleving for dei som kjem opp i det, seier han.

I 2019 vart 34 personar gjenoppliva ved hjelp av hjertestartar – før ambulansen kom fram.

Hjartestartaren til akutt-teamet i bygda ligg i det offentlege hjartestartarregisteret. Men det er det berre dei færraste startarar som gjer.

Hjertestartaren vert hengande på veggen

I kartet til naudsentralen er det registrert 6200 hjartestartarar. I røynda kan det vere ti gongar så mange.

– Vi trur at det i alle fall er 60.000 hjartestartarar der ute, seier Siw Lilly Osmundsen i Nakos som drifter det offentlege hjartestartarregisteret.

Ho seier alle desse hjartestartarane er til liten hjelp om dei går under radaren.

Ifølge Europeisk Gjenopplivingsråd (ERC) er sjansen for å overleve hjartestans opptil 70 prosent om ein hjertestartar er på plass innan tre til fem minutt.

– Det kan skje ein hjartestans på gata utanfor, men startaren vert hengande på veggen fordi ingen andre enn dei som eig den veit om den.

I tillegg er ytterlegare 8200 startarar oppført som «utilgjengelege» fordi eigarane ikkje har kontrollert og oppdatert dei i registeret. Det må gjerast to gangar i året.

Les heile saken på NRK.

Powered by Labrador CMS