Medieklipp

Ambulansesjef slår alarm: - Livsfarlig sparing

– Skiftar vi fil under utrykking, risikerer vi at ambulansen flyg av vegen.

Publisert Sist oppdatert

– Skiftar vi fil under utrykking, risikerer vi at ambulansen flyg av vegen, seier Hogne Grebstad som er leiar i ambulanseavsnittet på Volda sjukehus til Sunnmørsposten.

– Eg har jobba i bransjen i 25 år. Standarden på vegdekket var mykje betre i 1986. Aldri før har det vore så gale som no, hevdar Grebstad.

Grebstad måler djupna på dei djupe spora i vegbanen. – Åtte centimeter. Folk køyrer mot midten av vegen for å unngå spora, så her kan det skje ein front mot front-kollisjon når som helst, fyktar Grebstad.

Enkelte stader fyllest hjulspora med vatn som danar issvullar når det er kaldt nok.

– Livsfarleg. Eg har forståing for at vegvesenet og fylket ikkje rekk over vedlikehaldet over alt, men ein må kunne forvente ein viss standard på dei mest trafikkerte strekningane, seier Grebstad.

– Norge er eit rikt land. Her ser vi eit døme på at myndigheitene si sparelyst går ut over sikkerheita til billistane. Kolliderer ein på ein stad som dette, bør ein straks gå til rettssak mot vegmyndigheitene. Sjansen for å vinne burde vere god når tilstanden er slik, seier han.

Kome levande fram

På utrykning er det som kjent naudsynt å bryte fartsgrensa og skifte fil for å kome raskt til ulykkesstaden.

– Med så djupe groper som dette, risikerer vi å miste styringa om vi skifter fil. Eg har minst eitt døme på ein ambulanse som var nær ved å misse veggrepet på grunn av dette, fortel Grebstad. Vegstandarden fører allereie til at utrykkingstida mellom Volda og Ørsta er lengre enn før.

Les meir om saka hjå Sunnmørsposten

Powered by Labrador CMS