Medieklipp
Ambulansen køyrer skytteltrafikk
Både skjærtorsdag og langfredag har ambulansane på det næraste køyrt i skytteltrafikk mellom alpinbakkane i bygda og sjukehuset med skadde alpinistar. I tillegg har Røde Kors hatt arbeidet med å frakta dei skadde frå ulukkesstadane og til bilveg, skriv avisa Hordaland.
Berre skjærtorsdag vart til saman fire personar så pass skadde i alpinanlegget i Myrkdalen at dei måtte sendast til sjukehus i ambulanse.
Men det er ikkje berre i alpinanlegga folk har skada seg eller har hatt behov for hjelp.
– På Finse hadde Røde Kors to oppdrag skjærtorsdag. Den eine skadde, ein mann, hadde fått ein skulder-nakkeskade og Røde Kors meinte det tryggaste var å frakta han ut frå området med luftambulanse.
– Det har vore travelt i heile Hordaland. Med så fint vêr er det mykje folk ute og då er det også fort det skjer eit og anna, seier Ingvartsen i Hordaland Røde Kors.
Les meir om saka hjå Avisa Hordaland