Medieklipp
100 prosent for Helse Fonna
Onsdag denne veka var ein delegasjon ordførarar frå Indre Hardanger i Helse- og omsorgsdepartementet i Oslo for å leggja fram kravet om overgang frå Helse Fonna til Helse Bergen. Dei fire kommunane Jondal, Ullensvang, Eidfjord og Odda står samla i kravet om at dei «ve te Bergen med det same». Også kommunelegane støttar kravet.
Onsdag denne veka var ein delegasjon ordførarar frå Indre Hardanger i Helse- og omsorgsdepartementet i Oslo for å leggja fram kravet om overgang frå Helse Fonna til Helse Bergen. Dei fire kommunane Jondal, Ullensvang, Eidfjord og Odda står samla i kravet om at dei «ve te Bergen med det same». Også kommunelegane støttar kravet, skriv Bergens Tidende.
Leiv Varberg, ambulansearbeidar, klinikktillitsvald og sjef for Fagforbundet i Odda, reagerer på den unisone framstillinga og meiner det slett ikkje er sant at alle ved Odda sjukehus vil over til Helse Bergen.
- Me er 19 personar som jobbar på ambulansen, og me er 100 prosent for å bli verande i Helse Fonna. For oss er det avgjerande at vegen til Haugesund er kjappare og betre enn til Bergen, seier Varberg.
Han peikar på at vegen frå Odda til Haugesund tek ein time og 55 minuttar, men distansen let seg køyra på halvannan time med utrykkingskøyrety. Vegen mot Bergen tek lengre tid og er ikkje like god, ifølgje Varberg.
Han føler Helse Fonna no er i gang med å tilføra Odda sjukehus oppgåver som til dømes ny smerteklinikk. Det blir også betre førstelineteneste med legebilen i Haugesund som på sikt skal få døgnkontinuerleg vakt og kan utfylla ambulansetenesta, meiner han.
Les meir om saka hjå Bergens Tidende