Luftambulanse

Seier nei til luftambulanse

Ambulanseberedskapen er bra som han er i Telemark. Det trengst ikkje nokon helikopterbase i fylket slik det er i dag. Det meiner Helse Sør-Øst. Uttalene set sinna i kok hos både politikarar og private aktørar.

Publisert Sist oppdatert

Ambulanseberedskapen er bra som han er i Telemark. Det trengst ikkje nokon helikopterbase i fylket slik det er i dag, meiner Helse Sør-Øst. Uttalene set sinna i kok hos både politikarar og private aktørar, skriv Vest-Telemark Blad.
Les også på Helse Sør-Østs nettside: Forsvarlig luftambulansedekning i Telemark
– Det er eit udiskutabelt behov for å tette hòla i luftambulansedekninga, seier ordførar Arne Vinje.
Det aller meste av Vest- og Aust-Telemark har i dag ei mykje lengre responstid enn dei 20 minuttane som Norsk Luftambulanse anbefalar.
Avgjerda til Helse Sør-Øst kviler på ei stortingsmelding som slår fast at luftambulansen bør kunne nå 90 prosent av befolkninga på 45 minuttar.
– Me kan ikkje sjå at det per i dag er påvist kapasitetsproblem eller andre behov som tilseier at store offentlege ressursar bør bli bruka til å etablere ein ny helikopterbase i Telemark, seier direktør for medisin- og helsefag i Helse Sør-Øst, Alice Beate Andersgaard, til VTB.
Ho understrekar at Helse Sør-Øst meiner dagens totale ambulansedekning i Telemark er forsvarleg. Drift av ein helikopterbase kostar 25–30 millionar årleg. For det kan Helse Sør-Øst drifte mange døgnbemanna bilambulansar, seier Andersgaard.
Silje Grytten i Norsk Luftambulanse seier til VTB at dei ikkje ser 45 minuttar som akseptabel responstid.
– Norsk Luftambulanse meiner 20 minuttars responstid er det ein treng for å gje likeverdige helsetenester til alle her i landet, seier Grytten.
Realistisk er derimot 20 minuttar, meiner Norsk Luftambulanse, dersom ein etablerer tre nye basar i landet: Ein i Telemark, ein i innlandet og ein mellom Bodø og Tromsø.
Les meir om saka hjå Vest-Telemark Blad

Powered by Labrador CMS