Luftambulanse
Redningshelikoptera får frakte væpna politi
330-skvadronen kan no frakte væpna politi under skarpe oppdrag. Det har Justisdepartementet avgjort, melder NRK Sogn og Fjordane.
Bakgrunnen for dei nye retningslinjene er erfaringane frå terroraksjonane den 22. juli i fjor.
Lleiar Nils Myklebust i Sogn og Fjordane Fiskarlag meiner dette er heilt uhøyrt.
– Eg trudde verkeleg dei hadde lagt vekk den debatten. Kan nokon tenkje seg at politiet skulle ha rekvisisjonsrett over ein sjukebil? Det er absurd at utstyr som skal berge folk skal kunne rekvirerast til væpna oppdrag.
– Bør vere klart skilje
Også Guttorm Brattebø, som er seksjonsoverlege for akuttmedisin i Helse Bergen, er skeptisk til at redningshelikoptera skal brukast på andre ting enn redningsoppdrag.
Han er redd for at redningshelikoptera skal vere opptekne med transport av politi på skarpe oppdrag når dei trengst i redningsaksjonar.
– Det finst andre helikopter, både sivile og militære, som dei heller bør rekvirere til politiet, for redningshelikopterflåten er unik, og desse helikoptera bør vere reserverte for det dei er tenkte til.
Brattebø er og redd for at redningshelikoptera skal bli mål for væpna kriminelle eller terroristar.