Luftambulanse

– På sikkerheita laus

Møre og Romsdal fiskarlag fryktar at sikkerheita for fiskarane må vike for militærinteresser når Norge kjøper 16 nye redningshelikopter.

Publisert Sist oppdatert

Møre og Romsdal fiskarlag fryktar at sikkerheita for fiskarane må vike for militærinteresser når Norge kjøper 16 nye redningshelikopter, skriv Sunnmørsposten.

– Vi likar absolutt ikkje det vi høyrer. Mykje tyder på at Forsvaret får det som dei vil når valet av helikoptertype skal fattast, seier dagleg leiar Ole Morten Sorthe i Møre og Romsdal fiskarlag.

Han er uroleg over at NATO-helikopteret NH-90 seglar opp som favoritt.

– Om dette helikopteret vert vald, fryktar eg at det er for å ta vare på interessene til Forsvaret, og ikkje til fiskarane. Dette er eit helikopter som er spesialtilpassa å frakte våpen og anna militært utstyr, slik at vekta vert tyngre og rekkjevidda lågare.

Les meir om saka hjå Sunnmørsposten

Powered by Labrador CMS