Luftambulanse

Ny helikopterbase kan bli utsett

Strenge krav til støyisolering rundt den planlagde helikopterbasen ved sentralsjukehuset i Førde gjer at bygginga av basen no kan bli utsett.

Publisert Sist oppdatert

Strenge krav til støyisolering rundt den planlagde helikopterbasen ved sentralsjukehuset i Førde gjer at bygginga av basen no kan bli utsett, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Førde kommune vil berre godta eit visst støynivå, og krev at nødvendige støydempande tiltak blir gjennomført.
Basen skal etter planen stå ferdig i 2014, men dersom desse støykrava gjer at prislappen skyt i vêret, kan det bli utsett.
Den eksisterande helikopterlandingsbasen ved sjukehuset i Førde tilfredsstiller ikkje dagens krav, og ein ny base til 119 millionar kroner er under planlegging. Helse Førde seier ein ny landingsplass og baseanlegg vil gje betydeleg betra kvalitet i helsetilbodet.
Den eksisterande helikopterbasen har vore ei mellombels løysing i ti år. Flyttinga av basen vil føre til at enkelte husstandar får mindre støy, men andre får meir leven frå helikoptera.
Les mer om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS