Luftambulanse
Luftambulanse brukt ved legefeiring
Eit helikopter frå Norsk Luftambulanse vart brukt til å frakte gjester til 50-årsfeiringa til anestesilege og styremedlem i Helse Førde.
Eit helikopter frå Norsk Luftambulanse vart brukt til å frakte gjester til 50-årsfeiringa til anestesilege og styremedlem i Helse Førde,skriv NRK Sogn og Fjordane.
Les også på NRK: Helse Førde-direktør Bolstad kritisk til bursdagsflyging
Helikopter frå luftambulansen skal også ha blitt brukt til å frakte helsepersonell til Larsen si private hytte i Stavang.
Bygdefolket er forarga over at ambulansehelikopteret vert brukt på denne måten.
– Det er jo veldig naturleg at folk vert oppskremte når eit ambulansehelikopter landar i bygda. Då reknar du med at nokon er sjuke, seier Torstein Grytten som er ein av dei som reagerer.
Det er ikkje berre Grytten som har sett at helikopter frå Norsk Luftambulanse har landa ved Rune Larsen si hytte på Stavang i ytre Sunnfjord.
Fleire uavhengige kjelder hevdar at dei ved fleire høve har sett at helikopteret har landa ved hytta til Larsen og andre stader i bygda.
Fleire har også sett at helikopter vart nytta då den profilerte anestesilegen og medlem i Helse Førde-styret feira 50-årsdagen sin på Stavang grendehus på vårparten i fjor.
Grytten meiner dette er ein uakseptabel bruk av ambulansehelikopteret.
– Det verkar drygt at ein brukar ambulansehelikopteret for å reise og drikke kaffi, seier Grytten.