Luftambulanse

Ivar lurte døden for andre gong

Publisert Sist oppdatert

Far og dotter er på besøk hjå ambulansefolka i Knarvik med ein nydeleg blomsteroppsats for å takka for at dei berga Ivar. Samtidig får dei to ei vurderleg stund der dei får prata gjennom det som har skjedd med fagfolk, skriv Nordhordland.
Palmesøndag var Ivar Fammestad på isfiske på Tveitavatnet. Han hadde nett fått fyr på bålet då han kjende brystsmerter.
– Svogeren min kjørte meg heim, eg ringte legevakta, og det siste eg hugsar er at eg sette meg i stresslessen. Elles er alt vekke til mandag på sjukehuset. Eg anar ikkje at ambulansen og luftambulansen som frakta meg til Haukeland, har vore der, seier Ivar. I dag er han sjukemeld, men i relativt bra form, bortsett frå at han kjenner det godt i ribbeina.
Årsaka til dei smertene er i hovudsak dotra Elisabeth sin innsats. Med AMK på høgtalar på mobilen, fekk ho faren på golvet, bøyde hovudet hans bakover og starta hjartekompresjon.

Dramatiske minutt

– Eg trur eg heldt på i 15 minutt, seier Elisabeth som ikkje anar kor ho fekk kreftene frå. Tre brest i ribbeina påførte ho faren.
– Men eg stussa veldig då eg fekk beskjed om å ikkje tenka på å blåsa luft i han, seier ho.
– Kompresjonen er viktigast. Pasienten har mykje oksygen i blodet, og det er viktig å pumpa dette rundt. Det er det du har gjort som redda livet hans, seier assisterande avdelingsleiar Trond Brynjulfsen. Og legg til at det beste beviset på at hennar imponerande innsats nytta, sit rett framfor ho.
– Det er fantastisk å sjå at du står her no, seier Siv Vaksdal. I lag med Renate Polden tar ho imot Ivar og Elisabeth, men dei presiserer at det var kollega Anette Kvinge Nilsson som tok seg av han i heimen på Fammestad til luftambulansen kom, i lag med lege frå Nordhordland legevakt.

Fantastisk utfall

– For oss er det spesielt å få ein slik alarm. Vi skyndar oss sjølvsagt alt vi kan, men veit at kvart minutt vert uendeleg langt for dei som ventar, seier dei to. ­ – Det som vert gjort før vi er på plassen, er utruleg viktig og avgjerande for utfallet.
– Då vi fekk melding om at du var levert på sjukehuset med slåande hjarte, sa vi; Yes, her er ein som blir skriven ut igjen, seier Siv.
Les meir om saka hjå Nordhordland

Powered by Labrador CMS