Luftambulanse

Helse Førde: – Fryktar ikkje følgjene av nattestengde flyplassar

Publisert Sist oppdatert

Nattberedskapen for å ta i mot ambulansefly blir kutta ved flyplassane i Førde, Sogndal og Sandane. Helse Førde meiner likevel at beredskapen blir god nok. Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

Avinor endrar ambulanseflyberedskapen ved 14 lufthamner, ti av desse vil stå utan beredskap om nettene. Endringane kjem til å bli sett i verk i løpet av året.
Les òg i Romsdal Budstikke: Molde mister nattberedskapen
– Ambulanseflybruken for Helse Førde utanom flyplassane sine opningstider er svært låg. Vi har jobba for å sikre at vi har ein flyplass i fylket som er ein kanal ut frå Sogn og Fjordane, seier klinikkdirektør Helge Robert Midtbø i Helse Førde.
Flyplassen han viser til, som skal sikre beredskapen, blir Florø lufthamn.
– Reint praktisk meiner vi at det vi har fått til, med ein flyplass, er tilstrekkeleg.
Avinor skal spare 15 millionar kroner og endrar ambulansefly-beredskapen ved 14 norske lufthamner. Ti av desse vil stå utan nattberedskap, deriblant tre av fire flyplassar i Sogn og Fjordane.
– Ved enkelte av desse lufthamnene har det vore lite aktivitet, opplyser Gurli Høeg Ulverud, kommunikasjonssjef i Avinor.
Les meir om saka hjå NRK herog her

Powered by Labrador CMS