Luftambulanse
Flyg framleis utan nattbrillene
I løpet av hausten måtte luftambulansen i Førde avlyse opp mot 20 oppdrag fordi dei ikkje får bruke nattbrillene. Det kan ha gått ut over liv og helse.
I løpet av hausten måtte luftambulansen i Førde avlyse opp mot 20 oppdrag fordi dei ikkje får bruke nattbrillene. Det kan ha gått ut over liv og helse, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Sidan april i fjor har helikoptera til Norsk Luftambulanse måtte klare seg utan nattbriller. Dette fordi godkjenninga vart trekt tilbake og måtte bli fornya.
Ni månadar seinare er brillene framleis ikkje lov å bruke.
Førebels er det berre Norsk Luftambulanse sin base på Dombås som har fått ny godkjenning til å bruke nattbrillene. Basen i Førde vert prioritert fordi det er mykje fjell og fjord i området der helikopteret flyg.
Men det kan bli fleire avlyste oppdrag i vekene framover.
- Vi håpar at nattbrillene er godkjente før april, seier kommunikasjonsrådgjevar Siv Tonje Solfjell i Norsk Luftambulanse.
Ho viser til at slike prosessar i luftfart tek lang tid, men at ting er i ferd med å ordne seg.