Luftambulanse
Felt i Pressens Faglege Utval
NRK Sogn og Fjordane braut god presseskikk eit radioinnslag i september i fjor, der det vart hevda at Luftambulansen vart nytta til å frakte gjester til Helse Førde-legen Rune Larsens femtiårsdag.
NRK Sogn og Fjordane braut god presseskikk eit radioinnslag i september i fjor, der det vart hevda at Luftambulansen vart nytta til å frakte gjester til Helse Førde-legen Rune Larsens femtiårsdag, skriv Firda.
Bakgrunn: Luftambulansen brukt ved legefeiring
NRKs egen sak: NRK felt for brot på god presseskikk
Dette slår Pressens Faglege Utval fast, etter å ha hatt ein klage frå Larsen oppe til handsaming i dag.
Urett framstilling
Larsen meinte at NRK Sogn og Fjordane gav ei urett framstilling og var ute etter å setje han i eit dårleg lys. I innslaget vart det hevda at helikopteret også vart brukt til å frakte helsepersonell til hytta hans i Stavang, og at bygdefolk var opprørte over helikopterbruken.
Flaug ikkje gjester
Larsen skreiv i klagen at det ofte skjer treningsflyging i dette området. Det skjedde ei landing i 2009. Denne var klarert med AMK-leiinga og med grunneigar. Helikopterbruken i samband med 50-årsfeiringa var eit overraskelsesbesøk der mannskapet landa etter avtale med leiinga, utan at Larsen visste om det på førehand, utan at det gjekk ut over beredskapen – og utan at andre enn mannskapet var med helikopteret.