Luftambulanse
Får ikkje bruke helikopterheisen til å redde folk i naud
Ambulansepersonell får ikkje bruke helikopterheisen som skal gjere det lettare å hente personar der dei ikkje kan lande.
Ambulansepersonell får ikkje bruke helikopterheisen som skal gjere det lettare å hente personar der dei ikkje kan lande, skriv NRK Møre og Romsdal.
Ambulansehelikoptera både i Tromsø, Ålesund og Brønnøysund har heiser som ikkje er i bruk.
– Ein kan lure på om det må ei alvorleg hending til før vi får lov å bruke heisen, seier seksjonsoverlege Kristen Rasmussen ved luftambulansen i Ålesund.
Heisen vil gjere det lettare å hente pasienten, utan å måtte lande. Men det får dei altså ikkje.
Årsaka er kanskje litt uforståeleg:
Testing viser at det må fire personar til for å handtere heisen. I Tromsø og Brønnøysund har dei berre tre ombord i ambulansehelikoptera, og sjølv om det er fire ombord i Ålesund, får dei ikkje bruke heisen. Grunnen er at systemet må vere likt for alle.
– Det ville vere veldig kompliserande om vi skulle operere forskjellige helikopterbasar med forskjellige operasjonskonsept og forskjellig bemanning, seier Øyvind Juell, daglig leiar i Luftambulansetenestene.