Innenriks

Under halvparten kan livreddande førstehjelp

Publisert Sist oppdatert

Berre fire av ti kan utføra livreddande førstehjelp her i landet, viser ei undersøking. Det skriv Framtida.no.
– Det er urovekkjande at så mange er usikre på korleis dei skal redda eit liv, seier Fredrik André Aasebø i Røde Kors Førstehjelp til Bergens Tidende.
I undersøkinga organisasjonen har gjort kjem det mellom anna fram at berre 38 prosent av oss veit korleis ein skal handtera sirkulasjonssvik, som til dømes hjarteinfarkt.
Kva ein skal gjera ved symptom på hjerneslag er det heller ikkje mange fleire som veit.
For å betra kunnskapen tilbyr Røde Kors Førstehjelp førstehjelpskurs til bedrifter. I fjor deltok 30.000 tilsette, fortel avisa.
Interessa har auka kvart år sidan 2009. I år håpar organisasjonen at endå fleire bedrifter kjøper førstehjelpskurs. Slik trur dei også den generelle beredskapen i samfunnet blir betre.
For å betra hjelpetilbodet har Røde Kors Førstehjelp inngått eit samarbeid med Apotek 1 om å registrera alle hjartestartarane i Noreg.
Les meir om saka hjå Framtida.no

Powered by Labrador CMS