Innenriks
Stor ombygging av Lærdal sjukehus
Lærdal sjukehus går denne hausten gjennom ei stor ombygging til heile 10 millionar kroner. Helse Førde opplyser at den tidlegare administrasjonsdelen no blir gjort om til ambulansestasjon, og innflytting skjer i løpet av året, skriv Porten.
- Oppgraderinga som no skjer er svært gledeleg, seier lokal koordinator Kåre Mentz Lysne ved Lærdal sjukehus.
Han er sjølv ein av dei som har vore nøydd til å finne seg ny kontorplass. Administrasjonen flytta før ferien, er no spreidd litt ulike stader i andre høgda.
Om ombygginga av ambulansestasjonene er det mest synlege, vil pasientane truleg merke vel så mykje til moderniseringa av tredje høgda. Romma på den ortopediske sengeposten har hatt tre-sengsrom med felles bad. No blir fleire av desse gjort om til to-sengsrom med eige dusj og toalett. Tidlegare i år blei denne høgda brannsikra, mellom anna med nye dører.
Les meir om saka hjå Porten