Innenriks

Rapport: – Det nye naudnettet er sårbart og lite robust under ekstremvêr

Publisert Sist oppdatert

Norge sitt nye naudnett viste klare svakheiter. Det er konklusjonen til Det Norske Veritas, som har granska korleis naudnettet fungerte under ekstremvêret «Tor», skriv NRK Sogn og Fjordane.

I januar i år slo «Tor» innover Vestlandet. I fleire område vart dette den første store testen på det digitale naudnettet som har kosta fleire milliardar kroner.

175 basestasjonar fall ut

No viser ein Veritas-rapport tinga av Direktoratet for nødkommunikasjon at til saman 175 naudnett-basestasjonar vart sett ut av spel etter uvêret.
Nokre av desse hadde eit avbrot på berre få minutt. 120 basestasjonar var ute i meir enn 10 minutt.
«Det største antall basestasjonar med utfall for Nødnett var rundt midnatt natt til 30. januar og store område var utan dekning.», heiter det i rapporten.
Direktør Tor Helge Lyngstøl i Direktoratet for naudkommunikasjon legg ikkje skjul på at dei har ein jobb å gjere.
– Vi bør sjå på basestasjonane som har falle ut, og sørge for at stasjonane vi no ser er sårbare, ikkje får store konsekvensar for andre basestasjonar viss vi skulle få utfall. Kort sagt prøve å prioritere dei tiltak innan for dei rammene vi har, slik at det blir best mogleg robust, seier Lyngstøl til NRK.

Har etterlyst gransking

I Florø har Alarmsentralen i Sogn og Fjordane etterlyst ein rapport etter uvêret.
– Hadde uvêret pågått over fleire døgn, ville vi vore i ein situasjon der basestasjonane hadde vore ute under uvêret. Kva konsekvensar det ville gitt, det veit vi faktisk ikkje, påpeikar dagleg leiar Terje Brandsøy.
Under «Tor» fatta ein mistanke om at ikkje alt fungerte som det skulle, når brannsjefane i enkelte område byrja å ringe inn via mobiltelefon i staden for å bruke sambandet.
I Sogn og Fjordane fall fire basestasjonar ut som følgje av uvêret. Denne gongen var uvêret kortvarig, og utfallet av basestasjonane fekk ikkje dei store konsekvensane. Brandsøy meiner likevel at det gir grunn til uro.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS