Innenriks
Politiet innrømmer å ha teke omveg til Utøya
Politiet tok ein omveg då dei frakta Delta-styrkane til Utøya. Det forsinka truleg pågripinga av Anders Behring Breivik.
Politiet tok ein omveg då dei frakta Delta-styrkane til Utøya. Det forsinka truleg pågripinga av Anders Behring Breivik,skriv NRK.
Les og på NRK: Politihelikopter kunne tatt med skarpskytter
Politiet innrømmer at dei ikkje valde den smartaste ruta då politiet sin spesialstyrke skulle transporterast til Utøya.
Delta-styrken la frå kai i ein gummibåt ved kaien på Storøya. Med båt er avstanden herifrå til kaien på Utøya 3,64 kilometer.
Til samanlikning er det berre 675 meter avstand til Utøya dersom ein tek båt frå småbåthamna i Utvika.
Stabssjef Fredriksen opplyser at det var Nordre Buskerud politidistrikt som bestemte Storøya som oppmøtestad for Delta-stykane:
– Det er vanleg praksis at beredskapstroppen ber om oppmøtestad i lokalt politidistrikt, som kjenner sitt eige distrikt og har det som heimebane. Då blei dette punktet (Storøya, journ.anm.) avtalt, og beredskapstroppen møtte opp der dei hadde fått beskjed om.
Politiet har tidlegare fått kritikk for ikkje å ha teke i bruk politiet sitt helikopter, Det stod på bakken fordi det var fellesferie, og ingen pilotar var tilgjengeleg. I etterkant har politiet forklart at dette helikopteret uansett ikkje er laga for å frakta store politistyrkar med tunge våpen.