Innenriks

Navarsete vil stoppe 110-prosessen

Publisert Sist oppdatert

Liv Signe Navarsete møtte klare meiningar i møte med Ålesund brannstasjon. No vil ministeren jobbe for å stoppe ei nedlegging av 110-sentralane, skriv NRK Møre og Romsdal.
– If it ain't broken, don't fix it, seier Liv Signe Navarsete, som vil jobbe mot nedlegging av 110-sentralar i distrikta.
Kommunal- og regionalministeren møtte brannsjef og mannskap ved 110-sentralen i Ålesund torsdag.
Det var i januar at Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap føreslo å leggje ned halvparten av 110-sentralane.
Sentralen i Ålesund er éin av dei sentralane som er føreslått nedlagt. Det same er sentralen i Florø.

– Mange risikomoment i området

Thorsen meiner det er rart at ein vil leggje ned begge sentralane mellom Bergen og Trondheim.
– Spesielt når her er så mange risikomoment i området, som storm, skred, trafikk på havet og stor konsentrasjon av bedrifter som kan vere utsette for store ulukker.
Han meiner det er svært merkeleg med ei eventuell nedlegging når justisministeren har vore veldig tydeleg på at brann, helse og politi må henge saman.
– Då burde ein venta med å flytte på 110-sentralen til alt dette er på plass. Samstundes er det for mange 1- og 2-mannsbetente sentralar i fylket, så endringar må til. Men ein må ikkje forhaste seg, seier Thorsen.
Brannsjefen meiner det er veldig feil av direktoratet å berre sjå på folketal. Ein må også sjå på risiko, seier han til Navarsete.
Navarsete slår fast at ho ikkje er justisminister.
– Men eg er kollega av justisministeren og eg vil bruke kreftene mine mot denne strukturendringa.
– Så får vi sjå kva resultatet blir. Vi skal i alle fall sørgje for at det blir ein god prosess, seier Navarsete – som altså jobbar mot å reversere ein nedleggingsprosess.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS