Innenriks

Kritisert helseføretak i media - truga med sparken

Fleire gonger har overlegen kritisert helseføretaket han jobbar i – no blir han truga med å få sparken. – Eit bevis på at fryktkulturen råd, seier stortingspolitikar.

Publisert Sist oppdatert

Fleire gonger har overlegen kritisert helseføretaket han jobbar i – no blir han truga med å få sparken. – Eit bevis på at fryktkulturen råd, seier stortingspolitikar til NRK Sogn og Fjordane.

Overlege Henrik Berg ved Nordfjord sjukehus har vore sterkt kritisk til at viktige funksjonar forsvinn frå lokalsjukehuset og har ved fleire høve kritisert Helse Førde i media.

No har han fått eit brev frå leiinga i helseføretaket der dei skriv at han kan bli sparka om han gjentek kritikken.

Nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe seier saka heilt klart er alvorleg. Ho meiner det rår ein fryktkultur innanfor helseføretaka og fryktar dette kan gå ut over tryggleiken til pasientane.

Helse Førde har vedteke å leggje ned føde, ortopedi og akuttfunksjonar ved lokalsjukehuset i Eid. Vedtaket er svært omstridd og har ført til både demonstrasjonar og rettssak. Både innbyggjarar i Nordfjord, tilsette ved sjukehuset og politikarar har vore usamde i nedlegginga.

– Dette kan gå ut over pasientane sin tryggleik

Og det er ikkje berre i Nordfjord tilsette fryktar å miste jobben. Før jul kunne NRK fortelje at halvparten av dei 2000 tilsette ved Oslo Universitetssjukehus er redde for å melde frå om kritikkverdige forhold.

Nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe meiner saka er alvorleg.

– Det skal ikkje vere slik i helsevesenet i Norge at dei som arbeider der ikkje har vanleg ytringsfridom. Ein bør ha ein openheitskultur der tilsette tvert om blir oppmoda til å delta i samfunnsdebatten, seier Toppe.

Ho fryktar at ukulturen ikkje er til å leve med, og at den kan få alvorlege følgjer.

– Dette kan i verste fall gå utover pasienttryggleiken. Det er dei som jobbar i felten som veit kor skoen trykkjer, seier helsepolitikaren.

I foretaket mener de dette:

– Som tilsett har du din ytringsfridom, men den kan også vere avgrensa i forhold til ulike helselover og lojalitetsplikta, seier informasjonssjef Arne Eithun.

På spørsmål om Berg ikkje har eit ansvar når det kjem til å bruke eigna kanalar til framføring av kritikk, i tillegg til å vere lojal mot leiinga og støtte om avgjersler som blir tekne svarar overlegen slik.

– Det heiter seg at dersom vi har problem og ikkje får respons i linja som det heiter, så skal vi gå til neste sjef. Dersom vi ikkje får respons der heller, bør vi melde frå.

Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS