Innenriks
– HRS blir ein nøkkel i arbeidet for betre beredskap
Jens Stoltenberg har i dag latt seg imponera over arbeidet Hovudredningssentralen legg ned i beredskap. Han meiner samfunnet elles har mykje å læra av måten dei og petroleumsindustrien førebur seg på krisesituasjonar.
Jens Stoltenberg har i dag latt seg imponera over arbeidet Hovudredningssentralen legg ned i beredskap. Han meiner samfunnet elles har mykje å læra av måten dei og petroleumsindustrien førebur seg på krisesituasjonar, skriv NRK Nyheter.
– Det er viktig å læra oss kva det er som fungerer her. Både frå HRS, som er eit nav i norsk beredskap, og frå petroleumsindustrien, som har vist ei svært god evne til å ta beredskap og risiko på alvor, seier Stoltenberg til NRK.no.
Han seier at han i dag har fått sett at det finst mange gode reiskapar og sanntidsinformasjon til å handsama krisesituasjonar.
– Likevel såg me 22. juli at beredskap er ei kjede der alle ledd må fungera, og om eit ledd sviktar kan det få svært alvorlege konsekvensar. Derfor må me sjå på korleis me kan læra av HRS og oljeindustrien for at det skal få andre delar av norsk beredskap til å fungera betre, seier han.
Les meir om saka hjå NRK