Innenriks

Berre 4 av 10 er trygge på livreddande førstehjelp

Publisert Sist oppdatert

Ferske tal frå Røde Kors viser at berre fire av ti seier at dei heilt sikkert vil hjelpe til dersom nokon vert skadde eller akutt sjuke. Mange er redde for å gjere situasjonen verre, skriv NRK Norge.
– Viljen til å hjelpe er stor, men 55 prosent av dei spurte har utdatert kunnskap om livreddande førstehjelp, fortel Trude Marie Nilsen, som er fungerande avdelingsleiar for beredskap i Røde Kors.
Kun 39 prosent av dei spurte i undersøkinga til Røde Kors ville heilt sikkert ha hjelpt til dersom dei kom over ein livlaus person. Fleire av dei spurte er redde for å forverre tilstanden til den skadde dersom dei gjer feil.
Men når ein er livlaus er det ikkje mogeleg å forverre, seier Nilsen.
– Her er det ikkje mogeleg å gjere noko verre enn det situasjonen alt er, seier ho.
Røde Kors vil at regjeringa skal sette krav til at alle arbeidsgivarar skal gjennomføre obligatorisk førstehjelpskurs for alle tilsette. Dei ønsker også at førstehjelp skal bli ein del av den obligatoriske opplæringsplanen i grunnskulen.
Les meir om saka hjå NRK og ta NRKs førstehjelpsquiz

Powered by Labrador CMS