Innenriks
Ambulansane toler ikkje utrykking
Dei siste fire åra har ambulansetenestene i landet bytt motor over 150 gonger fordi dei ikkje toler belastninga som utrykkingskøyretøy. Det skriv NRK Sogn og Fjordane.
– Ved Universitetssykehuset i Nord-Norge har vi bytt 44 motorar på våre Volkswagen Caravelle/T5-ambulansar. Og vi har fleire som står på tur for å byte, seier avdelingsleiar ved ambulanseavdelinga, Per-Øivind Sørgård.
Sidan slutten av 2011 har helseføretaka kjøpte inn 166 Volkswagen T5 for å bruke dei som ambulansar. På same tid har motorane blitt skifta minst 150 gonger, syner tal frå Helseføretakenes Innkjøpsservice (Hinas). For den harde bruken med tung last, kaldstart og tøff køyring gjer at motorane får eit stadig høgare oljeforbruk. Etter ei tid blir forbruket så stort at motorane må skiftast ut.
– For vår del i Helse Førde, så snakkar vi nok om nærare 20 motorar som er skifta på ulike bilar. Nokre bilar har skifta ein gong, medan andre har skifta motor fleire gonger, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov.
Importør vedgår problem
Ambulansane er kjøpte gjennom nasjonale og regionale anbod i perioden 2011–2015 og kostar cirka 1,2 millionar kroner kvar, fullt utstyrt. Motorproblema skal ikkje ha ført til svikt i beredskapen.
– Dette har vi handtert med å sette inn reservebilar og meir planlagt når vi tek bilane ut av drift, seier Sægrov i Helse Førde.
Direktør for nyttekøyretøy, Håkon Fergestad i Møllergruppen, som er importøren av Volkswagen til Norge, vedgår at det har vore problem med Volkswagen Caravelle/T5 som ambulanse.
– Vi sel over 4000 Transporterar og Caraveller i året i landet, så det er ei avgrensa utfordring slik vi ser det, men det stemmer at på nokre utvalde modellar med spesielle hard bruk, til dømes ambulansar, så kan det oppstå noko høgare oljeforbruk enn normalt. I visse tilfelle så vel vi då å byte motor.
Er bytta ut
I den nye anbodsperioden for innkjøp av ambulansar frå januar 2015 er bilane erstatta med Wolksvagen Amarok. Fergestad seier motorskiftet blir løyst som ei garantisak, kostnadsfritt for ambulansetenestene og at tilbakemeldinga frå fabrikken er at motorproblema no skal vere løyst.
Les meir om saka hjå NRK